Sesongen over for Windingstad

Alpinisten Rasmus Windingstad har bestemt seg for å avslutte sesongen no. 26-åringen har slite med ein skade sidan før jul.

«Sesongen min er over», skriv Windingstad på sosiale medium fredag.

Noka grunngiving for at han vel å gi seg, skriv han ikkje, men i januar vart det kjent at ein nerve i klem førte til at han måtte ta ein pause frå konkurransar. Skaden pådrog han seg i Alta Badia før jul, då han tok den første verdscupsigeren i karrieren.

«Det er mange grunner til at eg ikkje burde stoppe her, og berre nokre få for å gi meg. Men eg er faktisk nøgd med avgjerda», skriv Windingstad.

«Det høyrest kanskje ut som ein klisjé, men dette er ein sjanse til å bli betre på mine svakheiter. Det er sånn eg ser på det. Eg kjem tilbake med ein smell … Eller ikkje. Kven veit» avsluttar Windingstad noko kryptisk.

Etter konkurransepausen var Windingstad tilbake i bakken 9. februar i eit forsøk på å vinne parallellslalåmcupen samanlagt. Då han køyrde ut i duellen mot Aleksander Aamodt Kilde i 16.-delsfinalen, forsvann moglegheita til å ta si første «kule».

(©NPK)

Sesongen er over for Rasmus Windingstad. Foto: Tore Meek / NTB scanpix