Annonse

Setteriksadvokaten trur mengda Nav-saker vil auke

Til no har setteriksadvokaten for Nav-sakene, Henry John Mæland, fått inn rundt 80 saker som han skal vurdere å krevje tatt opp att. Han trur talet vil auke.

- Det er cirka 80 saker. Eg understrekar at eg ikkje har talt opp nøyaktig. Truleg vil òg talet auke, opplyser Mæland til NTB.

Dette er i tråd med det som tidlegare har vorte kjent.

Då Nav-skandalen sprakk for snart to veker sidan, vart det opplyst at minst 48 personar hadde vorte uskuldig dømde for å ha tatt med seg trygdeytingar til andre EØS-land. I ettertid har tingrettane meldt ifrå om rundt 30 fleire saker som også skal vurderast av Riksadvokaten.

Sidan Riksadvokat Jørn Sigurd Maurud er inhabil i saka, vart Mæland utnemnt til setteriksadvokat fredag. Han byrja arbeidd måndag.

- Eg har sjølvsagt orientert meg med tanke på dei utfordringane som påtalemakta står overfor, men må likevel først prioritere å organisere ein stab til å hjelpe meg, og det krev tid, medrekna ein god del møteverksemd, skriv Mæland i ein e-post.

Han håper å ha ein stab på plass ved starten av desember.

Så langt omfattar Nav-skandalen saker frå etter 1. juni 2012 og for ytingane sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og pleiepengar. Men Nav undersøker for tida om lova òg er tolka feil for andre ytingar og før dette tidspunktet.

I eit brev Nav-direktør Sigrun Vågeng nyleg sende til Riksadvokaten, skriv ho at ein eigen rapport med rettslege vurderingar rundt reglane for å ta med trygdeytingar til andre EØS-land er klar 2. desember.

(©NPK)

Jussprofessor Henry John Mæland er utnemnt som setteriksadvokat for Nav-sakene, der riksadvokaten er inhabil. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix