Annonse

Shell sette resultatrekord og dobla overskotet i fjor

Energigiganten Shell enda fjoråret med sitt beste resultat nokosinne. Det justerte overskotet på 39,9 milliardar dollar er over dobbelt så stort som året før.

Med dagens kurs svarer til Shell-resultatet 397 milliardar kroner. Det er det beste resultatet i den 115 år lange historia til selskapet, ifølgje BBC. I 2021 viste botnlinja eit overskot på 19,3 milliardar dollar.

Toppsjef Wael Sawan meiner det gode resultatet viser at selskapet er solid og har kapasitet til å sørgje for viktige energileveransar i ei skiftande verd.

– Vi meiner at Shell er godt posisjonert til å vere ein tiltrudd partnar gjennom energiomstillinga, sa Sawan då resultatet for fjoråret vart lagt fram torsdag.

Driftsresultatet (EBITDA) gjorde også eitt solid hopp frå 55 milliardar dollar i 2021 til 84,3 milliardar i fjor.

(©NPK)

Gjennom den 115 år lange historia har Shell aldri tent så mykje pengar som i fjor. Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTB