Klargjør siden...
Annonse

Sigeren smakte ekstra godt etter treg sesongstart

(NPK-NTB): Sigersmarginen var ikkje på meir enn tre sekund, men kontrollen var betre enn det kunne sjå ut. Det fortel Johannes Thingnes Bø etter sprintsigeren i verdscupen i skiskyting fredag.

Han hadde broren Tarjei Bø rett bak seg. At lagkameraten Emil Hegle Svendsen tok tredjeplassen gjorde dagen heilt super sett med norske auge.

– Eg skal ikkje nekte for at denne sigeren smakte ekstra godt etter ein heller treg sesongstart, sa Thingnes Bø til NTB fredag kveld. Vi fekk tak i han då han låg på massasjebenken for å bli klar til jaktstarten laurdag.

Det kjem til å bli eit spanande rotterace, for det skil ikkje meir enn 7,6 sekund mellom dei tre norske, som alle skaut feilfritt. Beste utlending, Martin Fourcade, ligg berre vel ti sekund bak vinnaren han også, så ingenting er avgjort.

Han la ikkje skjul på at han var redd for å falle, og det var derfor han sikra litt heilt mot slutten, sjølv om marginane var ørsmå.

Johannes Thingnes Bø hadde ein siger i Ruhpolding også i fjor, men denne triumfen smakte kanskje endå betre etter ei heller rufsete sesongopning, der det ikkje har klaffa for han i det heile tatt.

– Denne sigeren var skikkeleg herleg. Det er heilt rått å vinne på ein stor skiskyttararena som her i Ruhpolding, sa vinnaren, som la til at alt fungerte. Skia var perfekte, farten i sporten og på standplass var god og alle skota sat i blinken.

Nå føler han i alle fall at både motivasjonen og gleda er kommen tilbake for fullt.

– Det er små nyansar som skil. Det er lite som skil suksess frå fiasko, sa Thingnes Bø etter sigeren, sesongens første i verdscupen for hans del.

Tarjei Bø hangla seg gjennom jula og var spent på korleis det ville gå i helgas verdscup. Det enda med at han tok sin første pallplassering i Ruhpolding.

– Eg sleit med forkjøling i jula, så derfor var eg litt spent på korleis det ville slå ut, sa han til NTB etter 2.-plassen. Berre veslebror Johannes var betre.

Dei to brørne starta som nummer fem og åtte og klarte å utnytte dei faste løypene som dei 10– 12 første løparane ofte får.

– Det var moro å vere på pallen saman med veslebror. Vi var nok litt heldige med å kunne starte tidleg. Det er såpass lett inngang til skytinga her, så fullt hus på standplass var det einaste som gjaldt, sa Bø.

– Eg har aldri vore på pallen her tidlegare, for eg treng ofte litt brattare løyper.

Laurdag går tre nordmenn ut i tet på jaktstarten, med verdscupleiar Martin Fourcade halsande bak.

– Taktikken er klar. For min del blir det å ta inn Johannes, så får eg sjå an korleis det går. Det kan fort bli som ein fellesstart med ein kamp mellom oss fire, trur Tarjei Bø. (©NPK)

Annonse