Sikta russar vurderer å anke fengslingsavgjerda

Forsvararen til russaren (51) som er sikta for å ha drive spionasje på Stortinget, seier dei vil vurdere å anke fengslingsavgjerda.

Forsvararen til russaren (51) som er sikta for å ha drive spionasje på Stortinget, seier dei vil vurdere å anke fengslingsavgjerda.

Russaren vart fengsla laurdag for ein periode på to veker med brev- og besøkskontroll. Han er sikta for å ha spionert på norske interesser i samband med eit seminar på Stortinget om digitalisering, men forsvararen hans hevdar det kjem av ei misforståing. Måndag vil advokat Hege Aakre drøfte med klienten om fengslingsavgjerda skal ankast.

- Dette skal eg ta opp med min klient, det har eg ikkje rokke enno. Eg vil prøve å snakke med han om dette i løpet av dagen, seier advokaten til NTB måndag morgon.

Ho meiner siktinga Politiets tryggingsteneste (PST) så langt har, ber preg av å berre vere basert på observasjonar og ikkje handfaste bevis.

- Dette byggjer framleis berre på observasjon av åtferd og ikkje meir konkrete bevis førebels, seier Aakre.

Den 51 år gamle mannen sit varetektsfengsla i Oslo fengsel. Advokaten vil ikkje svare på om klienten hennar så langt har fått noko besøk i fengselet.

(©NPK)

Russaren er sikta for å ha spionert på norske interesser i samband med eit seminar på Stortinget. Foto: Tore Meek / NTB scanpix