Annonse

Sirdal kommune gir kontantstøtte til straumrekninga

Sirdal kommune i Agder vil gi 3.000 kroner til kvar innbyggjar når straumprisen er ekstremt høg.

– Ekstreme straumprisar og varsel om vedvarande høge straumprisar framover gjer at vi no tek lokale grep, seier ordførar Jonny Liland til avisa Agder.

Arbeidarpartiet i Sirdal har sikra fleirtal for eit forslag som inneber at det blir sett av 3.000 kroner til kvar innbyggjar som er folkeregistrert i Sirdal per 3. desember.

Ordninga, som er ekstraordinær, skal vere valfri.

(©NPK)