Siv Jensen må svare Stortinget om hytteleige

Finansminister Siv Jensen (Frp) må svare Stortinget på kva ho faktisk gjorde for finne ut om ho betalte marknadsleige for hytta ho leiger av Johan H. Andresen.

Finansminister Siv Jensen (Frp) må svare Stortinget på kva ho faktisk gjorde for finne ut om ho betalte marknadsleige for hytta ho leiger av Johan H. Andresen.

I eit spørsmål til Stortinget skriv partileiar Bjørnar Moxnes (R) måndag: Kva gjorde finansministeren konkret for å kunne slå fast at prisen for leige av hytta svarte til marknadsmessige vilkår, vart prisnivået på sjøhytter av liknande standard og plassering undersøkt, og har statsråden vurdert å seie opp leigeforholdet for å få ro i saka?

Moxnes viser i grunnlaget for spørsmålet til fleire oppslag i DN om hytta statsråden har leigd. Han meiner sakene reiser spørsmål om leigeprisen kan sjåast som ei gåve, teneste eller anna form for yting.

Fredag sende Finansdepartementet, ifølgje Dagens Næringsliv, Siv Jensens svar til Stortinget om leiga hennar av hytta til Johan H. Andresen. I svaret fortel Jensen at ho vurderte å melde avtalen om å leige sjøhytte for ein årspris på 40.000 kroner inn i Stortingets register for verv og andre økonomiske interesser, men at ho kom til at det ikkje var nødvendig.

«Bruken av hytta bygger på et regulært, privat leieforhold. Jeg har ikke mottatt en gave eller tjeneste eller annen form for ytelse», skriv Jensen i svaret

Avtalen vart inngått med Johan H. Andresen, som kontrollerer Ferd-konsernet. Hytta med brygge og eige badehus ligg på den attraktive Grimsøya inst i Oslofjorden. Andresen har ei eiga hytte på naboeigedommen.

- Eg kan ikkje sjå at regelverket omfattar ordinære leigeforhold for fritidsbustader, skreiv Jensen.

(©NPK)

Finansminister Siv Jensen (Frp) må svare Stortinget på spørsmål om vurderingane ho gjorde omkring avtalen om å leige ei hytte av næringslivstopp Johan H. Andresen på Grimsøya inst i Oslofjorden. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix