Siv Jensen skal bli tøffare: - Det kan vitalisere regjeringssamarbeidet

Siv Jensen vil bli tøffare. Ho nektar å legge bort omgrepet «snikislamisering». Samtidig har ho tru på at samarbeidet med Venstre berre skal bli betre.

- Dette handlar om at veljarane våre skal kjenne oss igjen på same måte som Venstres veljarar er opptatt av å kjenne igjen Venstre, seier Frp-leiaren, som fredag møtte sentralstyret i partiet for å evaluere det skuffande lokalvalet for Frp.

Sjølv om den siste tida har vore prega av offentleg krangling med Venstre, trur Siv Jensen framleis at det er lurt at partiet blir tøffare i klypa, noko ho varsla allereie på valkvelden.

Ho trur ikkje det vil føre til meir konflikt, snarare tvert imot.

- Eg trur det kan vitalisere heile regjeringssamarbeidet. For det handlar om at Frp må ha gjennomslag på område som er viktige for oss. Då må vi samtidig anerkjenne og innrømme gjennomslag på område som er viktige for Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti, seier ho.

Legg ikkje bort «snikislamisering»

Dei siste dagane har partileiarane i regjeringspartia prøvd å legge diskusjonen om retorikken i innvandringsdebatten bak seg. Onsdag sa Venstre-leiar Trine Skei Grande at ho føreset at Frp-leiaren sluttar å bruke ordet «snikislamisering».

Det kjem ikkje Jensen til å ta til følgje.

- Nei, eg kjem til å bruke det omgrepet når behovet melder seg. Men eg kjem ikkje til å be Trine Skei Grande om å bruke det same ordet. Det skal ho få lov til å sleppe, seier Jensen.

Frp-leiaren tør ikkje konkludere med at bråket dei har vore gjennom no er ein unnagjort fase. Men éin mann ser ho seg som ferdig med: Venstre-profil Abid Raja, som starta den siste stormen då han angreip Frps retorikk i innvandringsdebatten.

- Eg har vore med i politikken så lenge, at eg veit at vi aldri har nokon garanti for kva som skjer i morgon. Men no er vi ferdig med Abid Raja, og då kan vi få lov å konsentrere oss om å drive med politikk.

- Stolt

Frp enda med ei oppslutning på 8,2 prosent i kommunevalet, ein nedgang på 1,2 prosent frå førre kommuneval og 7 prosent frå førre stortingsval. Så langt har partiet berre kapra ordførarkjeda i to kommunar - Sola og Ulstein - mot fem førre periode.

- Vi skal involvere heile organisasjonen i evalueringa og trekke opp strategien fram mot 2021-2023. Vi set ned programkomiteen allereie i haust, slik at vi kan fornye og vidareutvikle politikken vår, seier Jensen.

Ho fortel at det ikkje var ein einaste medlem i sentralstyret som foreslo at partiet skal gå ut av regjering då dei møttest fredag.

- Frp er stolt av det vi får til i regjeringa, men vi er nøydde til å vitalisere regjeringssamarbeidet. Vi har vår del av ansvaret for det, seier Jensen.

- Hadde det vore lettare for Frp å sitje i regjering om Venstre ikkje var med?

- Dette er spekulative spørsmål. Vi sit i ei fleirtalsregjering med tre andre parti, og då må vi finne ut av det med kvarandre. Viss vi ikkje klarer det, så må det diskuterast med dei fire partia, seier Jensen.

(©NPK)

Siv Jensen møtte pressa saman med nestleiarane Terje Søviknes og Sylvi Listhaug etter sentralstyremøtet i Framstegspartiet der evaluering av lokalvalet stod på agendaen. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix.