Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ein sjeldan lakseart har ført til at kraftselskapet Otra Kraft ikkje får løyve til å byggje eit nytt kraftverk i Valle i Aust-Agder.
npk@npk.no
Publisert: 26.02.2016 kl 13:13
Utbygginga av kraftverket i Flårendsfossen vil bli eit permanent vandringshinder for laksearten bleka, slår Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) fast.
Bleka er ein sjeldan type laks som er heile livet i ferskvatn. Den einaste levestaden for arten er Byglandsfjorden og vassdraget Otra, som er den største elva på Sørlandet.
Den norske blekebestanden har vore utryddingstrua fleire gonger og er i dag strengt regulert gjennom konsesjonsvilkår og jamleg utlegging av rognkasser.
Otra Kraft søkte om konsesjon for Flårendsfossen kraftverk i mars 2015 med mål om å utnytte vasskrafta i Otra. Kraftverket ville hatt ein årleg produksjon på rundt 10,6 gigawattimar, ifølge NVE. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.