Annonse

Sjette strake remis for Magnus Carlsen

Magnus Carlsen spelte remis òg i sjette runde av Wijk aan Zee-turneringa i sjakk. Fredag var det med kvite brikker mot verdstoar Fabiano Caruana.

Carlsen møtte den siste VM-motstandaren sin og spelaren som er nærast han på verdsrankinga. Amerikanaren viste seg i siste VM-duell som ein krevjande motstandar for Carlsen, då alle tolv klassiske VM-parti enda remis.

Uavgjort vart det igjen fredag. Spelarane tok kvarandre i handa allereie etter 28 trekk.

Carlsen prøvde seg med ei litt forskjellig opning enn tilfellet var i dei to siste partane. Han byrja med dronningbonden til D3 og løparbonden til C3. Det var likevel ei ganske så vanleg opning på toppnivå.

Han forbetra rekordrekka si til 113 parti utan tap. Det har gått 535 dagar sidan det førre nederlaget i langsjakk. Det skjedde mot Sjakhrijar Mamedjarov 31. juli 2018.

Laurdag skal Carlsen møte den indiske sjakkveteranen Vishy Anand.

(©NPK)

Magnus Carlsen spelte remis for sjette gong på rad i Wijk aan Zee-turneringa då Fabiano Caruana var motstandar fredag. Foto: Maria Emelianova, AP / NTB scanpix