Annonse

Sjølvkøyrande ferje har starta avgangar i Stockholm

Ei sjølvkøyrande ferje har køyrt sin første tur i Stockholm. Byen er dermed den første i verda til å ta i bruk teknologien, ifølgje den norske produsenten.

Annonse

Ein kaptein følgjer med på at alt går som det skal, men treng ikkje å styre ferja. Frå måndag skal MF Estelle byrje å køyre korte ruter mellom øyer i den svenske hovudstaden.

Administrerande direktør Stein Andre Herigstad-Olsen i Torghatten, som produserer ferja, seier at målet på sikt er å gjere den heilt sjølvstendig.

Båten er utstyrt med radar, kamera, laserteknologi for å skanne omgivnadene og ultrasoniske system. Den kombinerer informasjonen han innhentar med verktøya for å velje kurs, opplyser operativ leiar Erik Nilsson i Torghatten.

– Om ein båt endrar kurs eller kan komme til å gjere det, ser vi det på mindre enn eit sekund. Så blir kursen til ferja oppdatert, seier han.

Prislappen for ferja er på godt og vel 17 millionar kroner. Den kan frakte 30 passasjerar.

(©NPK)