Annonse
Annonse
Annonse

Sju av åtte tiltalte nektar skuld i SOS Rasisme-saka

(NPK-NTB-Johan Falnes): Sju av dei åtte tiltalte i straffesaka mot SOS Rasisme nekta straffskuld på alle tiltalepunkt då saka starta i Haugaland tingrett.

Annonse

Den åttande tiltalte, Bård Eskild Frantzen, sa seg delvis skuldig i å ha skaffa SOS Rasisme urettmessig studiestøtte. På dei andre tiltalepunkta nekta han straffskuld.

Dei åtte som er tiltalte i saka, er tidlegare leiarar og sentrale tilsette i SOS Rasisme. Dei blir skulda for grovt bedrageri i samband med omfattande medlemsjuks i åra etter 2005.

Prosessen har vore ei heksejakt og ein stor byrde, meiner Kjell Gunnar Larsen, tidlegare hovudkasserar og dagleg leiar i organisasjonen. Han blir rekna som hovudmann i straffesaka. (©NPK)