Tolv drepne av bilbombe i Afghanistan

Tolv menneske vart drepne og minst 20 vart skadde då ei bilbombe gjekk av i Kabul onsdag morgon, opplyser afghanske styresmakter.

Ifølgje talsperson Marwa Amini for det afghanske innanriksdepartementet er alle dei tolv drepne sivile. Amini seier at tre av dei er barn.

Målet for bomba skal ifølgje Amini ha vore ein bil frå eit canadisk tryggingsselskap. Fire av dei skadde skal ha vore tilsette i selskapet.

Bomba gjekk av i eit nabolag i nærleiken av hovudkvarteret til innanriksdepartementet, nord for Kabuls flyplass.

Ei kjelde i innanriksdepartementet sa tidlegare onsdag til AFP at det var ein sjølvmordsbombar, og at angrepet var retta mot ein kortesje med departementstilsette på ein hovudveg i bydelen Qasaba.

Ingen har så langt tatt på seg ansvaret for angrepet, men både Taliban og IS er aktive i hovudstaden og har tidlegare tatt på seg ansvaret for angrep i Kabul.

Taliban nektar for at dei var involverte i angrepet.

Angrepet kjem ein dag etter at president Ashraf Ghani kunngjorde at landet vil lauslate tre høgtståande Taliban-fangar, tilsynelatande i byte mot ein amerikansk og ein australsk universitetsprofessor. Begge dei to, som arbeidde i Kabul, vart tatt til fange i 2016.

Ghani har ikkje sagt når ei eventuell fangeutveksling kan finne stad, men under kunngjeringa sa han at han håpte at utvekslinga kan bane veg for direktesamtalar mellom den afghanske regjeringa og Taliban.

(©NPK)

I morgontrafikken gjekk det av ei bilbombe i Kabul i Afghanistan. Foto: AP / NTB scanpix