Sju fekk førelegg etter bråk under Sian-demonstrasjon i Bergen

Politiet har ikkje funne ut av kven som slo ned Sian-leiaren under demonstrasjonen i Bergen. Til saman 24 personar er melde etter bråket som oppstod.

Politiet er i ferd med å avslutte oppfølginga av uroa som følgde etter at Sian (Stopp islamiseringa av Noreg) heldt markering på Festplassen i Bergen sentrum laurdag 22. august.

16 av ungdommane som vart tekne med av politiet, var mindreårige og ti av dei var under 15 år. Desse ungdommane har vorte følgde opp med bekymringssamtalar.

– Ungdommane har forklart seg om si rolle under demonstrasjonen, og politiet var tydeleg på kva type åtferd som er straffbar, heiter det i ei pressemelding frå Vest politidistrikt.

Sju fekk førelegg

Sju personar som er over 18 år, har fått førelegg på mellom 12.000 og 17.000 kroner. Førelegga gjeld i hovudsak ordensforstyrring, og i tillegg kjem eit tilfelle av kroppskrenking og ein som nekta å oppgi personalia.

Politiet har ikkje klart å identifisere personen som slo Sian-leiar Lars Thorsen i hovudet med stein og hoppa på han då han låg nede.

Det utvikla seg bråk og uro då den islamfiendtlege gruppa vart møtt av ungdommar som ville vise sin motstand. Ungdommane kasta stein og egg, og gjekk òg til angrep på køyretøyet til politiet.

Politiet seier det har vore viktig å finne ut av om dei har fått redusert tillit hos ungdom. Dei har hatt tett dialog med kommunen, ungdomsskular og frivillige organisasjonar for å jobbe vidare med dialogen.

Sians ytringar ikkje sett på som straffbare

Samtidig har politiet gått gjennom appellane til Sian-medlemmene og vurdert om dei fall innanfor det som er å rekne som hatefulle ytringar og dermed mogleg straffbare. Politiet har komme til at det ikkje skal setjast i verk etterforsking, men påpeikar at grundige vurderingar ligg til grunn for avgjerda.

– Vi har likevel vedteke å setje i verk etterforsking mot ein annan som er mistenkt for hatefulle ytringar på Festplassen, som ikkje vart uttalt i form av ein appell. Saka er under etterforsking og vil bli oversendt statsadvokaten for endeleg avgjerd, skriv politiet.

(©NPK)

Sian-leiar Lars Thorsen vart ført bort frå podiet etter at han varte slått under ei markering i Bergen i august. No har politiet avslutta oppfølginga av ungdommane som vart henta inn. Foto: Eivind Senneset / NTB