Annonse

Sju personar drukna i første halvdel av juli

I første halvdel av juli månad døydde sju personar etter drukning, ifølgje tal frå Redningsselskapet. Hittil i år har 45 menneske drukna her til lands.

Drukningstala for første halvdel av juli viser like mange omkomne som for same periode i fjor. Seks av dei sju omkomne er over 45 år, og det er menn som dominerer statistikken.

- Det er lite hyggeleg å konstatere at dei høge sommartala frå i fjor, held fram i år. Fram til 1. juli registrerte vi 15 færre drukningar enn i 2018. Men det er altså julitala som ser ut til å bli like dystre som i fjor, seier kommunikasjonssjef Frode Pedersen i Redningsselskapet i ei pressemelding.

Han oppmodar folk om å bli flinkare til å tenke på eiga sikkerheit under bading og aktivitetar i og ved sjøen.

Så langt i år har 45 personar drukna i Noreg. Det er 15 færre enn i same periode i fjor. Ifølgje Redningsselskapet kan dette komme av ein kjøligare sommar samanlikna med fjorårets varmesommar.

(©NPK)

I første halvår i år drukna 20 personar etter fall frå land eller brygge mellom januar og juni, viser Redningsselskapets drukningsstatistikk. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

I 2018 drukna 18 personar under bading. Redningsselskapets gjennomgang av badeulykker dei siste fem åra, viser at 70 prosent av alle slike drukningsdødsfall skjer i juli. Barn i barneskolealder, ungdom og eldre menneske er mest risikoutsette. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix