Annonse

To elevar drepne i skyting på skule i California

To elevar vart drepne og tre vart såra i skuleskyting i Santa Clarita i USA torsdag. Ein 16 åring som er sikta for å stå bak handlinga, er alvorleg såra.

Den mistenkte gjerningspersonen er i politivaretekt, men får behandling på sjukehus, heitte det i ei oppdatering frå Los Angeles-politiet torsdag.

- Ein video frå hendinga viser at den sikta tar opp ein pistol frå ryggsekken sin, skyt og sårar fem personar, før han deretter skyt seg sjølv i hovudet, sa Kent Wegener i det lokale politiet på ein pressekonferanse.

Tilstanden til den antatte gjerningspersonen er alvorleg.

Dei som vart drepne i skytinga, var ei 16 år gammal jente og ein 14 år gammal gut. Dei tre andre såra - ein gut og to jenter - var mellom 14 og 15 år.

Politiet stadfestar at elevane vart skotne av ein medelev.

Saugus High School vart sett under såkalla lockdown under skyteepisoden. Vitne og overvakingskamera identifiserte den antatte gjerningspersonen innan ein time etter skytinga, ifølgje politiet. Den mistenkte 16-åringen vart funnen saman med dei andre som vart drepne og skadde på skulen.

Santa Clarita ligg om lag 50 kilometer nord for Los Angeles sentrum. Saugus High School har rundt 2.300 elevar. Andre skular i området vart stengt. Bebuarar i området nær skulen vart bedne om å halde dører og vindauge stengt.

(©NPK)

Politiet eskorterte folk ut frå skuleområdet. Foto: KTTV-TV via AP / NTB scanpix