Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Ålesund sjukehus må lage ein plan for korleis dei tar imot pasientar med demens. Dei braut lova då ei dement kvinne i 80-åra døydde etter å ha falle ned ei trapp ved sjukehuset i desember i fjor.
npk@npk.no
Publisert: 23.05.2016 kl 12:06
Helsetilsynet bestemte i januar i år å opprette tilsynssak etter dødsfallet. Kvinna var til dagleg bebuar ved ein lokalt sjukeheim og var inne til ei rutineundersøking ved Ålesund sjukehus då ulykka skjedde.
Ho var utan tilsyn ein kort periode, tok seg til trappa med rullator, køyrde utfor og fall. Seks dagar seinare døydde ho av skadane.
Ifølgje NRK konkluderer Fylkesmannen i Møre og Romsdal med at sjukehuset braut kravet om forsvarlege rutinar i spesialisthelsetenestelova,
– Ein har ikkje hatt tilstrekkelege rutinar for å sikre at pasienten vart varetatt på ein slik måte at innlegginga gjekk trygt for seg, seier assisterande fylkeslege Cato Innerdal til NRK.
Han seier dei har bedt Helse Møre og Romsdal om ein plan for korleis dei skal sikre at pasientar med demensliding blir undersøkte og sikre at pasienten får den oppfølginga dei skal ha. (©NPK)