Annonse

Sjukehus: Pasientar dukka ikkje opp til 23.000 legetimar

Sidan 2015 har pasientar ved Stavanger universitetssjukehus årleg ikkje dukka opp til 23.000 legetimar, skriv Stavanger Aftenblad.

Annonse

Timane utgjer mellom 3 og 4 prosent av alle timebestillingane ved sjukehuset

Direktør for medarbeidarar, organisasjon og teknologi i Helse vest, Hilde Christiansen, meiner det hyppige fråfallet gjer at ventetida for andre pasientar blir lengre.

- Det er ikkje berre den eine pasienten det påverkar, det er eit enormt hjul som skal gå rundt. Det er ikkje berre-berre å få riktig pasient til riktig lege og andre tiltak som er planlagt for den enkelte pasienten, seier Christiansen til avisa.

Ifølgje direktøren er det yngre pasientar som oftast droppar timane sine.

Helseføretaket har i samband med hyppig legetimeskulking sett i verk fleire tiltak. Pasientar får SMS når dei har fått time, når timen nærmar seg og pasientane kan enkelt sjekke når timen er på Helsenorge.no

(©NPK)