Annonse

Sjukehusa bryt tidsfristar oftare

Ventetida for behandling ved norske sjukehus går ned, men fristen for å starte behandling blir broten oftare. I første tertial var det 7.457 fristbrot.

Annonse

Tal frå Helsedirektoratet viser at talet på fristbrot i dei fire første månadene i år auka med 780 frå same periode i fjor, melder P4.

I gjennomsnitt blir tidsfristen for påbyrja behandling broten i 2 prosent av alle saker ved sjukehusa. Dei private helseføretaka er verst og bryt 3,8 prosent av tidsfristane. Helse sør-aust er best i klassen med 1,8 prosent.

Ventetida i første tertial var i snitt 54,3 dagar, mot 58,4 dagar i same periode i 2018.

Aps Tuva Moflag seier partiet hennar er bekymra for at sjukehusa er underfinansierte. Ho fryktar situasjonen kan vere verre enn statistikken viser og vil sjå nærare på tala.

- Vi er bekymra for at folk kanskje får møte ein spesialist til ein samtale, men at behandlinga ikkje kjem i gang, og at det er ein del skjulte tal her, seier Moflag, som sit i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

(©NPK)

Sjukehusa braut fristen for å starte behandling 7.457 gonger i første tertial. Det er ein markant oppgang frå året før. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix