Sjukehusangrep i Afghanistan tok 39 liv - 140 vart såra

Dødstalet har stige til 39 etter sjølvmordsangrepet mot eit sjukehus i Afghanistan. Blant dei drepne var pasientar, besøkande, kvinner og barn.

Berre to av dei drepne var medlemmer av tryggingsstyrkane, medan dei andre var sivile, opplyser ein talsmann for guvernøren i provinsen Zabul fredag.

- Sjukehuset vart fullstendig øydelagt, seier Gul Islam Syaal til nyheitsbyrået Reuters.

Sjukehuset i provinshovudstaden Qalat vart ramma av ei kraftig lastebilbombe utløyst av ein sjølvmordsbombar. Taliban har tatt på seg ansvaret, men seier det var retta mot eit etterretningssenter like ved.

Dei nye dødstala betyr at nesten dobbelt så mange vart drepne som først anslått. Også talet på såra har stige kraftig. Torsdag opplyste styresmaktene at rundt 90 personar var såra, fredag var talet stige til 140.

(©NPK)

Sjukehuset i Qalat, ein by sør i Afghanistan, vart lagt i grus i sjølvmordsangrepet torsdag. Nesten dobbelt så mange som ein først antok, vart drepne. Foto: Ahmad Wali Sarhadi / AP / NTB scanpix