Annonse

Skadetrøbbel for Brann-kapteinen

Brann-kaptein Vito Wormgoor slit med vonde ribbein berre ei lita veke før seriefinalen mot Rosenborg.

Brann tok tre etterlengta poeng borte mot Stabæk søndag, samtidig som RBK måtte nøye seg med eitt i den mållause kampen mot Lillestrøm på Åråsen.

Før storkampen kommande søndag skil det berre to poeng mellom laga. Med Brann-siger legg bergensklubben RBK bak seg på tabellen.

Brann må samtidig klare seg utan suspenderte Fredrik Haugen mot serieleiaren, og etter kampen søndag hadde kaptein Vito Wormgoor store smerter i ribbeina.

- Det er smertefullt, ja. Det var mange tøffe duellar utpå der, sa Wormgoor til BA.

Kor alvorleg skaden er, er meir usikkert.

- Eg veit ikkje. Eg kan ikkje seie for mykje, veit du. «Det er ingenting», smiler Brann-kapteinen til lokalavisa.

Fire rundar står att av Eliteserien. Kampen om gullet kan vare heilt inn i siste serieomgang.

(©NPK)

Branns Vito Wormgoor hadde det vondt etter kampen søndag. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix