Klargjør siden...
Annonse

Skatteetaten vil legge ned halvparten av kontora

(NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo): Færre skattekontor vil gjere det vanskelegare å kjempe imot skattekriminalitet, fryktar fagorganiserte. Skatteetaten vil halvere talet på kontor til 53 frå 107.

Leiar Per Magnar Stavland i YS-forbundet Skatteetatens Landsforbund (SKL) meiner forslaget er radikalt.

– Dette vil kunne gjere det vanskelegare å kjempe imot skattekriminalitet og gå ut over servicen, seier han.

– Kampen mot svart økonomi, skattejuks og kontroll av ID blir stadig viktigare. Då treng vi også meir lokal nærvær og god kontakt med næringslivet. Derfor treng vi fleire skattekontor enn forslaget til Skattedirektoratet, seier Stavland.

Kontora vil bli stengt for publikum 1. juni 2017, og sjølve nedleggingane vil skje gradvis til ut 2019. Ifølgje SKL blir rundt 600 tilsette direkte berørt av prosessen.

– Vi ser at fysisk nærvær i dag er mindre påkravd for vår informasjon, rettleiing og kontroll av skattytarar. Ved å slå saman skattekontor får skatteetaten større fagmiljø som er betre skodd til å løyse skatteutfordringane i samfunnet, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

Berre dei siste fire åra er talet på fysiske besøk på skattekontora nesten halvert. Årsaka er betre informasjon og rettleiing og sjølvbeteningsløysingar digitalt.

Skattedirektøren meiner også større fagmiljø i alle landsdelar vil legge til rette for å kunne flytte oppgåver ut av Oslo.

Forslaget frå skattedirektøren legg opp til 16 fleire kontor enn kva etaten ville foreslått ut frå reint skattefaglege vurderingar.

– Slik sikrar etaten ei god regional fordeling og nærvær, særleg der dei geografiske avstandane er veldig store, seier Holte. (©NPK)

Annonse