Skattesmell på 2,5 milliardar kroner for Telenor

Telenor varslar ein skattesmell på 2,5 milliardar kroner i det indiske dotterselskapet Unitech Wireless.

I ei børsmelding heiter det at selskapet torsdag fekk eit kontorvedtak der frådrag blir avskore for tap Telenor fekk i 2012 på grunn av oppgjer av bankgarantiar stilt for ekstern finansiering i det indiske dotterselskapet Unitech Wireless.

- Telenor ASA vil som følgje av endringa i skattefastsetjinga, føre ein skattekostnad på 2.491 millionar kroner. Skattebeløpet blir forventa betalt i tredje kvartal 2019. Telenor ASA er usamd i vedtaket til skattekontoret og vil klage på dette, heiter det i børsmeldinga.

Vedtaket gjeld 2013, som var året då tapet vart sett på som endeleg konstatert og skattemessig frådragsført.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix