Skattevesenet i USA ber tilsette jobbe gratis

46.000 permitterte tilsette i USAs skattevesen har fått beskjed om å komme tilbake på jobb, trass i at «stenginga» gjer det umogleg å gi dei løn.

I staden har dei tilsette no fått beskjed om å jobbe utan løn. Grunnen er at skattevesenet IRS vil sørgje for å få behandla folks sjølvmeldingar.

Regjeringa til president Donald Trump har lova at folk som skal få pengar tilbake på skatten, vil få utbetalinga i tide.

Det er strid rundt Trumps planlagde grensemur som gjer at delar av offentleg sektor i USA for tida er stengd. Kongressen har ikkje vore i stand til å bli einig om eit nytt budsjett med finansiering av alle offentlege verksemder og etatar.

Liknande situasjonar har òg oppstått før, men «stenginga» no er den lengste i USAs historie.

(©NPK)