Skiskyttarforbundet fortset med sju landslag

Styret i Norges Skiskytterforbund har valt å halde fram med dagens landslagsstruktur trass i anstrengd økonomi og koronauvisse.

Det vil framleis vere sju norske landslag i skiskyting på ulike nivå.

Avgjerda vart teken på eit styremøte torsdag kveld. Norges Skiskytterforbund har i dag to elitelag, to senior utviklingslag, to junior utviklingslag og eit IPC-lag.

– Gjennom å halde oppe landslagsstrukturen bidreg vi til framleis positiv utvikling av idretten vår. Styret har fått fleire tilbakemeldingar frå skiskyttarfamilien om å ta vare på dagens struktur og bidra til gode resultat for framtida. Desse signala tek vi sjølvsagt på alvor, seier skiskyttarpresident Arne Horten i ei pressemelding.

Sesongen 2019/20 bar elles preg av sterke resultat både internasjonalt og nasjonalt, og i alle aldersklassar.

– Det har vore ein utruleg sterk sesong der fleire utøvarar har prestert svært bra. I tillegg er det imponerande å sjå at yngre løparar presterer så godt både i verdscupen, IBU-cupen, EM og junior-VM. Det fortel oss at det blir svært godt jobba ute i skiskyttar-Noreg og på dei yngre landslaga, seier sportssjef i Norges Skiskytterforbund Per Arne Botnan.

Koronaviruset har skapt store utfordringar for Norges Skiskytterforbund. Stans av all aktivitet får både sportslege og økonomiske konsekvensar, og grunna lågare aktivitet er fleire av dei tilsette til forbundet heilt eller delvis permittert.

– Administrasjonen har fått i oppgåve å identifisere kostnadssparande tiltak, slik at vi står betre rusta til å møte utfordringane som kjem som eit resultat av koronaviruset. Men landslagsstrukturen vil ikkje bli rørt, fortel Horten.

(©NPK)

Norges Skiskytterforbund bestemte torsdag at dei vil halde på dagens struktur med sju forskjellige landslag. Johannes Thingnes Bø er på elitelaget. Foto: Berit Roald / NTB scanpix