Skjåk-isolerte henta ut med helikopter

16 personar på hyttetur i Skjåk måtte blir transporterte ut med helikopter etter at ei bru blei teken av flaumvatnet og mobildemninga forsvann.

Politiet opplyste måndag at 16 hyttebebuarar og fleire hundar var henta ut frå hytteområdet i nærleiken av Sota Sæter.

Etter at straumen gjekk kvelden før, slutta mobilmasta i området å fungera. Dermed forsvann også mobildekninga.

- Men vi høyrde at helikoptera kom, fortel Magne Tjønnøy til NTB på evakueringssenteret i kommunesenteret Bismo.

Ingen veg ut

Tjønnøy bidrog til å informera dei andre i hytteområdet om at evakueringa var i gang og at det var klart for avmarsj. På nokre timar var alle flogne ut.

Søndag morgon oppdaga hyttefolket at dei var isolerte. Vegen ned frå området går over ei bru som var teken av ei flaumstor elv.

- Vi skulle pakka tidleg og køyra heim til Sunnmøre. Men då var brua borte vekk, fortel Tjønnøy.

94 evakuerte

Hyttebebuarane laga sjølv ei oversikt over kor mange som var på hyttene i området, og dei heldt kontakt med politiet inntil mobildekninga forsvann.

Til saman 94 personar var måndag evakuerte i Skjåk kommune, ifølgje politiet. Eitt av dei hardast ramma områda er eit bustadfelt i Bismo som søndag blei sett under vatn frå Ottaelva.

Årsaka er kraftig regn og snøsmelting på grunn av unormalt høge temperaturar i fjellet. Vêrsituasjonen har ført til flaum og store øydeleggingar også i Sogn og Fjordane og andre stader på Vestlandet.

(©NPK)

Helikopter brukt for å evakuera folk. Mange hus og hytter er ramma av flaumen i Bismo. 16 personar er henta frå hytteområdet rundt Sota Sæter. Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix

Helikopter blei brukt for å evakuera folk ned frå fjellet måndag. Geir Strømme (t.v.) og Magne Tjønnøy hadde vore på rypejakt. Då dei skulle reisa heim, var brua ned frå Sota Sæter teken av vassmassane. Eit bilete på mobilen til Tjønnøyviser restane.
Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix