Klargjør siden...

Skjebnetimar for Rygge

(NPK-NTB-Mats Rønning): Leiinga ved Rygge sivile lufthamn har vore i møte med dei tillitsvalde. Eit styremøte tysdag ettermiddag kan avklare om flyplassen stengjer dørene etter 1. november.

– Ryanair held fast på å flytte. Det går mot ein stopp. Det gjer diverre det, sa styreleiar Svein Hurlen til ABC Nyheter i førre veke.

Han vil korkje stadfeste eller avkrefte at det skal vere eit styremøte tysdag ettermiddag. Men etter det NTB får opplyst, går fram dette av ein protokoll som er sendt dei tilsette i etterkant av eit møte mellom flyplassleiinga og dei tillitsvalde.

– Heilt sidan avgifta blei kjent har styret og eigarane jobba hardt med saka for å finne ei løysing for vidare drift etter 1. november, seier ho.

Flypassasjeravgifta som skal innførast frå 1. juni har fått Ryanair til å seie opp baseavtalen med Rygge frå 1. november. Om det irske lågprisselskapet forsvinn vil talet på passasjerar falle frå 1,6 millionar til 500.000, noko leiinga meiner vil gjere flyplassen til eit underskotsføretak.

Trass i utsettinga har finansminister Siv Jensen (Frp) heile tida vore tydeleg på at stortingsvedtaket frå i fjor haust skal følgjast opp. Den 13. mai blei forskrifta formelt fastsett av Finansdepartementet, etter at ein disputt med EFTAs overvakingsorgan ESA førebels er rydda av vegen.

Fleire fagforbund, arbeidsgjevarorganisasjonar og delar av opposisjonen på Stortinget har protestert mot innføringa av avgifta. Den har også vakt til dels sterk motstand lokalt i Østfold, der rundt 1.000 arbeidsplassar direkte eller indirekte kan bli råka. (©NPK)

Annonse