Annonse

Skjeggkre gjev stort tap for forsikringsselskap

Auka førekomst av insektet skjeggkre i norske bustader har påført forsikringsselskapet Protector eit tap på 146 millionar kroner.

Selskapet varsla måndag morgon om at dei vil bokføra tapet. Dette førte til at Protector Forsikring fall kraftig på Oslo Børs. Ved handelsslutt hadde aksjen fall heile 21,9 prosent til 37,05 kroner.

Rettspraksisen vi har i dag tilseier at skjeggkre kan føra til eit verditap på bustaden. Dette har blitt dyrt for Protector, som seier at dei er i ferd med å utfordra denne praksisen.

- Skjeggkre gjer ikkje skade på menneske, dyr eller bustad. Den aukande førekomsten av insektet vil mest sannsynleg i nær framtid bli sett på som normalt heimehøyrande i norske bustader, skriv selskapet i resultatvarselet.

No planlegg forsikringsselskapet å ta saka til Høgsterett, i håp om å få endra rettstilstanden som gjer at selskapet må betala ut erstatning til bustadeigarar som har fått insekta i hus.

Skjeggkre er vengjelause insekt. Dei er skjellkledde, mørkegrå og litt spraglete. Normal størrelse er 10-12 millimeter, ifølgje Folkehelseinstituttet. I tillegg har den tre lange haletrådar og to lange antenner på hovudet.

I Noreg lever insektet berre innandørs. Dei er altetande, så små mengder brødsmular, mjøl, matrestar, døde insekt og tørre blad kan halda liv i ein bestand. Dyra kan vera vanskeleg å bli kvitt.

(©NPK)