Annonse

Skjerpa beredskap for sjøfiberkablar

Etter Nord Stream-lekkasjen i Austersjøen har Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit skjerpa beredskapen og særleg retta merksemda mot sjøfiberkablar.

Annonse

Beredskapen i sektoren vart skjerpa etter invasjonen av Ukraina i februar.

– Innanfor desse rammene følgjer vi også opp hendinga i Austersjøen. Blant tiltaka er at aktørane er bedne om å gå gjennom beredskapsplanar, styrkje kapasiteten til å handtere digitale angrep og å redusere terskelen for varsling til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, opplyser Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).

Etter øydelegginga av gassrøyra i Austersjøen har Nkom presisert at aktørar i ekomsektoren skal ha forhøgd merksemd rundt kritisk infrastruktur, og det er retta særleg merksemd mot sjøfiberkablar.

Nkom har ikkje oppdaga eller vorte varsla om noko mistenkjeleg aktivitet på eller i nærleiken av internettkablar eller tilhøyrande infrastruktur, opplyser avdelingsdirektør Ellen Høstmark Bustø for kommunikasjon og samfunnskontakt i Nkom til Stavanger Aftenblad.

(©NPK)

Nkom har bede aktørane i ekomsektoren om å ha forhøgd merksemd på kritisk infrastruktur. Foto: Det danske forsvaret via AP / NTB