Annonse

Skjerpa straff for tsjekkar for drap på nordmann i Praha

Ein ankedomstol i Praha har dømt ein tsjekkisk mann til 18 års fengsel for drapet på ein norsk mann i 60-åra i den tsjekkiske hovudstaden i fjor haust.

I tingretten vart mannen i 20-åra dømt til 15 års fengsel, men både mannen og påtalemakta anka.

Ankedomstolen fann mannen skuldig i fire straffbare forhold, og skjerpa straffa.

Ein sakkunnig psykolog meiner at prognosen for rehabilitering er dårleg for den dømde, går det fram av rettsdokumenta.

Berre månader før drapet vart mannen dømd for ran, melder NRK. Han skal no sone i eit høgrisikofengsel.

Det er uvisst om dommen blir anka til høgsteretten i landet.

Det var i oktober i fjor at nordmannen frå Sogn og Fjordane vart funnen drepen i eit butikkområde utanfor Praha. Han var på ferie i byen saman med ein annan person då han vart drepen.

Fem dagar etter vart to menn arresterte og sikta for alvorleg kroppsskade med døden til følgje, og dessutan tjuveri, uautorisert bruk av kort og forfalsking.

Den andre er dømd til 18 månaders fengsel for tjuveri.

(©NPK)