Annonse

Skodespelaren Danny Aiello er død

Den amerikanske skodespelaren Danny Aiello er død, 86 år gammal.

Annonse

Ifølgje nettstaden Deadline døydde han på eit sjukehus i New Jersey torsdag etter kort tids sjukdom. Nettstaden TMZ skriv at han fekk ein infeksjon.

Danny Aiello var eit kjent ansikt på film med roller i filmar som «The Godfather Part II», «Moonstruck» og Spike Lee's «Do the Right Thing».

Gjennombrotet kom i rolla som gangsteren Tony Rosato i den andre «Gudfaren»-filmen i 1974. I 1989 vart han nominert til ein Oscar for beste mannlege birolle i «Do the right thing».

Danny Aiello hadde italiensk bakgrunn og vart fødd i New York i 1933. Med stort og smått innan film og TV, er han kreditert med over hundre roller.

Blant dei var rolla som politisjef i Sergio Leones «Once upon a time in America» frå 1984. I Madonnas musikkvideo til «Papa don't preach» spelte han faren til artisten og i 1987 hadde han ei av hovudrollene i «Moonstruck» med Cher og Nicolas Cage.

Kort etter at bortgangen hans vart kjend, sende Cher ut ei Twitter-melding der ho kallar han ein stor skodespelar med eit genialt talent for komedie.

«Vi lo så mykje. Då vi spilte inn «Moonstruck» … Det var ein av dei lykkelegaste stundene i livet mitt og han var ein del av det», skriv ho. Artisten og skodespelaren avsluttar med eit farvel til Johnny Cammareri frå Loretta, som var rollenamna deira i filmen, og eit kyss.

I 70-årsalderen spelte han inn fleire album som jazzsongar og turnerte med eit storband.

(©NPK)

Den amerikanske skodespelaren Danny Aiello er død, 86 år gammal. Her er han fotografert i 2001 i restauranten Gigino i fødebyen sin New York. Foto: Jim Cooper / AP / NTB scanpix