Skottland kan forby heddingar i fotball for barn

Skottland kan bli først i Europa til å forby heddingar i fotball for barn under tolv år.

Ifølgje BBC ligg det an til at det skotske fotballforbundet (SFA) innfører forbodet innan få veker, etter at ny forsking har vist eit mogleg samband mellom heddingar i fotball og demens. Skottland blir i så fall det første europeiske landet som innfører restriksjonar på heddingar i fotball.

I USA har det eksistert eit liknande forbod sidan 2015.

Temaet har vore oppe til diskusjon i Skottland tidlegare. I ein skotsk studie som vart lagd fram i oktober i fjor, vart det hevda at tidlegare fotballspelarar har tre og ein halv gong større risiko for å bli ramma av demens.

Sjølv om det ikkje finst endeleg prov for at mange heddingar i fotballen fører til ein forhøgd risiko for demens, ønskjer ikkje skottane å venta. John MacLean, ein lege som er knytt til SFA, meiner at det er sunn fornuft å avgrensa heddingar i fotball for yngre spelarar og seier:

– Me burde ta nokre fornuftige og pragmatiske steg med ein gong. Det handlar om å redusera den samla belastninga, talet på gonger ein ung spelar heddar ballen totalt sett, seier MacLean.

(©NPK)

Skottland kan bli først i Europa til å forby heddingar for barn under tolv år. Biletet er frå Norway Cup i 2018, der Mosjøen IL møtte Blindheim IL i bronsefinalen. Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix