Skøyter: Njåtun med ti strake NM-gull etter meisterskapsrekord

Skøyteveteranen Ida Njåtun var endå ein gong sterkast på 1500 meter i skøyte-NM. Ho tok gullet på distansen for tiande gong på rad.

Njåtun vann løpet i Vikingskipet på Hamar fredag med tida 1.58,06. Det er meisterskapsrekord, ifølgje NM-arrangøren Asker Skøyteklubb.

29-åringen tok det første av dei ti NM-gulla sine på 1500 meter i den same hallen i 2011. Internasjonalt har Asker-løparen bronsen frå allround-VM i 2015 som det største høgdepunktet i karrieren.

Ragne Wiklund tok sølvet på distansen fredag. Ho vart klokka inn på 2.01,30, medan bronsevinnar Sofie Karoline Haugen fekk 2.04,21.

Tidlegare på dagen vann Håvard Holmefjord Lorentzen gullet på 500 meter. Bergensaren leverte årsbeste med 35,06. Sølvet gjekk til Bjørn Magnussen etter å ha greidd 35,33.

Odin By Farstad sikra bronsen med 35,85.

(©NPK)

Ida Njåtun er stadig NM-dronning på 1500 meter skøyter. Her er ho under allround-VM i Vikingskipet i februar i år. Foto: Fredrik Varfjell / NTB