Annonse

Regjeringa vil granske dei store forskjellane i skulen

Det er store sprik mellom skulane i Noreg i læreutbytte hos elevane. I Finnmark er nær halvparten av skulane under landssnittet på dei yngste trinna.

Regjeringa går straks i gang med å finne ut kva dette kjem av. Det er den såkalla skulebidragsindikatoren for grunnskulen som avslører forskjellane.

- Bakgrunnen til eleven i form av utdanninga og inntekta til foreldra skal ikkje avgjere kor godt dei lykkast på skulen. Det er ansvaret til skulen å sørge for at innsatsen til eleven, engasjementet og talentet avgjer. Desse tala stadfestar at det er forskjell på kor flinke skulane er til å løfte elevane sine. No må lokalpolitikarane bruke det vi lærer om skulen til å gjere skulen betre, seier statsminister Erna Solberg (H).

Oslo best

Det indikatoren viser, er kor mykje kvar enkelt skule bidrar til resultata til elevane. Tala er justerte for utdanninga til foreldra, inntekt og innvandrarbakgrunn og dei tidlegare resultata til eleven. Resultata til elevane på nasjonale prøver i lesing, rekning, engelsk og eksamensresultatet på 10.-trinnet blir brukt i vurderinga.

Resultata for ungdomstrinnet viser at over ein tredel (32 prosent) av skulane i Finnmark er under landssnittet, medan det i Telemark berre er 8 prosent av skulane som er under landssnittet.

Kontrasten blir stor til det eldste trinnet i barneskulen (5.-7.). Her ligg 38 prosent av skulane i Telemark under landssnittet. Oslo ligg best an med 10 prosent av skulane under snittet. Finnmark kjem på ein 8.-plass for dette trinnet med 20 prosent av skulane under snittet.

Dei alvorlegaste tala for Finnmark viser seg for det yngste trinnet (1.-4.). 46 prosent av skulane i fylket scorar under landssnittet. I Oslo, som kjem best ut, er det berre 4 prosent av skulane som ligg under snittet for dei yngste elevane.

Regjeringa undersøker

- Vi har fått viktig kunnskap om korleis skulane bidrar. Men vi veit for lite om kva som kjenneteiknar dei skulane som bidrar mest til elevlæringa, og kva dei som bidrar minst manglar. Eg vil gi Utdanningsdirektoratet i oppdrag å skaffe meir kunnskap om dette, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

Utdanningsdirektoratet har laga skulebidragsindikatorar for grunnskulen. Fordi ein ikkje har noko tidlegare resultat å vise til på 1.-4. trinnet, og dermed berre kontrollerer for familiebakgrunn, er dette målet meir uvisst. Den detaljerte oversikta viser òg at det er store forskjellar i kvart fylke mellom kommunane og skulane.

Fakta på fylke sortert etter kor dårleg dei gjer det på skulebidragsindikatoren

Fylka er rangerte frå dårlegast til best for klassetrinna 1.-4., 5.-7. og 8.-10. Talet til høgre viser kor mange prosent av skulane i fylket som ligg under landssnittet.

Skulebidrag 8.-10. trinn skuleåret 2017/2018

Lenke til kommunar og enkeltskular

Finnmark 32

Troms 28

Nordland 25

Oslo 25

Oppland 18

Akershus 17

Hedmark 17

Rogaland 16

Møre og Romsdal 15

Vestfold 15

Trøndelag 14

Aust-Agder 12

Vest-Agder 10

Buskerud 9

Hordaland 9

Sogn og Fjordane 9

Østfold 9

Telemark 8

Skulebidrag 5.-7. trinn skuleåret 2017/2018

Lenke til kommunar og skular i kvart fylke

Telemark 38

Vest-Agder 32

Hedmark 31

Trøndelag 23

Buskerud 22

Møre og Romsdal 22

Østfold 21

Finnmark 20

Nordland 20

Oppland 20

Akershus 19

Aust-Agder 19

Hordaland 19

Vestfold 19

Sogn og Fjordane 15

Rogaland 14

Troms 13

Oslo 10

Skulebidrag 1.-4. trinn skuleåret 2017/2018.

Lenke til kommunar og skular i kvart fylke.

Finnmark 46

Troms 35

Aust-Agder 34

Trøndelag 31

Hordaland 24

Østfold 24

Vestfold 22

Hedmark 21

Nordland 20

Telemark 20

Møre og Romsdal 19

Rogaland 19

Vest-Agder 19

Buskerud 18

Oppland 17

Akershus 15

Sogn og Fjordane 14

Oslo 4

(©NPK)

Statsminister Erna Solberg presenterte stortingsmeldinga «Lærelyst Tidleg innsats og kvalitet i skolen» i 2017. To år seinare ser ein at det er store forskjellar mellom norske skular og korleis dei bidrar til å løfte elevane. Regjeringa har bestemt seg for å undersøke dette nærmare. Foto: Berit Roald / NTB scanpix