Annonse

Skyting: Nordahl sist i finalen

(NPK-NTB): May Elisabeth Nordahl skaut 399,1 poeng og enda sist i riflefinalen på 50 meter under verdscupstemnet i skyting i München tysdag.

Kroatiske Snjezana Pejcic var best av alle i finalen med 462,7. Nærmast seg på resultatlista hadde ho Anzela Voronova frå Estland (456,7).

Italienske Petra Zublasing enda på tredjeplass med 446,8 poeng.

May Elisabeth Nordahl hadde sjette beste poengsum i kvalifiseringa med 583. Malin Westerheim blei nummer 12 med 582 poeng, mens Sina Busk enda på 44.-plass (576 poeng). (©NPK)

Annonse