Klargjør siden...
Annonse

Slankeklinikk i Aust-Agder vil starte folkehøgskule

(NPK-NTB): Evjeklinikken i Aust-Agder vil starte ein eigen folkehøgskule for unge overvektige. Rundt hundre elevar vil få plass på skulen.

Den nye Folkehøgskolen helse skal ligge same stad som den allereie etablerte slankeklinikken på Evje og blir den første skulen i sitt slag i landet, melder NRK.

– No har vi jobba med barn og unge og sjukleg overvekt sidan 2008, og vi har jo erfart at det er eit hol i tilbodet til dei som slit med overvekt. Det finst ikkje denne typen tilbod i folkehøgskuleregisteret i dag, så dette er ein nisjeskule der vi håpar å kunne hjelpe elevar til å bli bidragsytarar i samfunnet i staden for å gå på Nav, seier dagleg leiar Alf Tore Moen ved klinikken.

Evjeklinikken samarbeider med Helse sør-aust og er ein del av spesialisthelsetenesta. Den nye skulen er allereie godkjent av Folkehøgskulerådet. Planane blir også støtta av politikarar både lokalt og på Stortinget, i tillegg til Universitetet i Agder, KS Agder og Landsforeininga for overvektige.

Dersom skulen får det nødvendige statleg tilskotet, vil den starte opp neste haust.

– Viss vi ser til Danmark er det fleire spesialskular og folkehøgskular for akkurat dette, så at det er eit behov i Noreg, er eg ikkje i tvil om, seier Moen. (©NPK)