Annonse

Slik blir EM-handballen på TV: Pandemien gjer Erevik til aleine-reporter

Viruskrisa skaper EM-utfordringar for TV-folket. Ekspertkommentator Gunnar Pettersen følgjer kampane i Oslo, medan Ole Erevik er einaste utsende i Danmark.

– Smittesituasjonen i Europa gjer at vi for ein gongs skuld sender svært få medarbeidarar til EM. Vi må til liks med alle andre ta ansvarlege omsyn for å bidra til minst mogleg smitte. Derfor vil både kommentatorar og studio vere lokalisert i Oslo, seier redaksjonssjef Sjur Molven i rettshavar Nent Group til NTB.

Desember, handball og TV har vore ein vinnar sidan den norske VM-bronsen i 1986.

Alle kampane til Noreg og utvalde andre blir viste på TV3. Noreg møter Polen torsdag, Tyskland laurdag og Romania måndag i gruppespelet.

– Korona-situasjonen gjer jo at det blir ein annleis handballmeisterskap enn det vi er vande til, men vi er utruleg glade for at det i det heile vart ein meisterskap. Direktesend sport er viktig for veldig mange, ikkje minst i slike tøffe tider som vi opplever no, og sjåarane kan vere trygge på at dei skal få eit like godt handballprodukt på TV3 og Viaplay som det dei har vorte vande til dei siste åra.

Blir heime

Kommentatorar og studio-oppstilling er tilnærma likt som under VM i Japan i fjor.

Daniel Høglund og Pettersen kommenterer. Ørjan Bjørnstad er programleiar og har med seg Karoline Dyhre Breivang i studio. Der skulle òg Ole Erevik vore, men han er busett i Danmark.

– Dermed blir han i staden vår på-plass-ekspert og reporter i Kolding og Herning denne gongen, seier Molven.

– Vi vil sjølvsagt sakne det vande publikumstrykket i arenaen. Tilgangen på og kontakten med dei norske spelarane og støtteapparatet, blir noko annleis. Noko meir avstand både vil og må det bli for å minimere risikoen for smitte. Og i desse tidene handlar det då om å vere kreative og løysingsorienterte for å sikre ei så god dekning som mogleg innanfor trygge rammer for alle partar.

I 2016 hadde TV3 på det meste 1,7 millionar sjåarar under EM-finalen mellom Noreg og Nederland. Herre-EM tidlegare år gav òg svært høge sjåartal.

Nent Group sit på handballrettane for VM og EM begge kjønn til og med 2026.

(©NPK)

TV3-kommentatorane Daniel Høglund (til høgre) og Gunnar Pettersen i Aqua Dome i Kumamoto, Japan for eitt år sidan. EM kommenterer duoen frå Oslo. Foto: Vidar Ruud / NTB

TV3-kommentatorane Daniel Høglund (til venstre) og Gunnar Pettersen i Aqua Dome i Kumamoto, Japan for eitt år sidan. EM kommenterer duoen frå Oslo. Foto: Vidar Ruud / NTB