Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): I ein to år gammal rapport blir det stilt spørsmål ved det låge sikkerheitsnivået rundt Slottet i Oslo. Ingen fysiske sperrer hindrar at køyretøy kan bli køyrde heilt inntil veggene på huset til kongen.
npk@npk.no
Publisert: 21.04.2016 kl 20:19
Ekspertar på tryggleik reagerer på at ikkje noko er gjort etter rapporten som for to år sidan peikte på grunnleggjande svakheiter i tryggleiken, melder NRK.
Det er berre eit par veker sidan ein sinnsforvirra mann køyrde ein varebil heilt opp framfor bygninga og sprang vekk. Då vart pansra politibilar køyrde fram for å verke som skjold dersom ei bombe skulle gå av.
– Kven som helst kan berre svinge inn og køyre opp til slottet. Det er ingenting som stoppar ein bil i å køyre heilt fram, seier spesialrådgjevar Gunnar Angeltveit til NRK.
Uro hans blir delt av sikkerheitsforskar Sunniva Frislid Meyer ved Transportøkonomisk institutt. Ho seier at gardistane rundt Slottet sikkert greier å kontrollere ustabile personar, men peikar på at dei truleg ikkje ville greidd å stoppe ein bil med sprengstoff.
– Eg tenkjer at det sikkert er eit økonomisk spørsmål, at ein vurderer at risikoen ikkje er så høg og konsekvensane ikkje alvorleg nok til å innføre ordentlege køyretøysavgrensingar rundt heile parken, seier Meyer. (©NPK)