Annonse

Små mengder lakselusmiddel drep raudåte

Havforskarar har testa korleis den vanlege dyreplanktonarten raudåte toler lusemiddelet hydrogenperoksid.

1,8 prosent av dosen laksen blir bada i, tok livet av halvparten av raudåta i forsøket. Dei som overlevde, mista i stor grad evna til å stikke av frå rovdyr, viser forskinga.

– Raudåten er ei viktig føde for småfisk langs kysten der oppdrettsanlegga ligg. Han formeirar seg om våren, når bruken av lusemiddel er på topp. Derfor må vi vite om han kan ta skade av hydrogenperoksid, seier doktorgradsstipendiat Rosa Escobar-Lux ved Havforskingsinstituttet.

(©NPK)

Raudåten er viktig føde for småfisk langs kysten der oppdrettsanlegga ligg. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix