Annonse

Smirnov ferdig i Lillehammer Ishockeyklubb

Aleksandr Smirnov får ikkje ny kontrakt som trenar for Lillehammer ishockeyklubb etter å ha leidd laget dei to siste sesongane.

Det stadfestar klubben på Twitter.

– Takk for innsatsen og lykke til vidare, Aleksandr Smirnov, skriv klubben.

Lillehammer har store økonomiske problem og har vore nøydde til å kvitte seg med fleire profilerte spelarar, som mellom anna Andreas Martinsen.

Sluttspelet vart også ein svært kort affære då dei rauk 0–4 mot Stavanger Oilers med ein målforskjell på 3–36.

– Det er ikkje noko personleg mot Aleksandr. Vi synest han har gjort ein veldig god jobb, men no ønskjer vi å gå i ei ny retning, seier Lars Bergseng, som leier sportsutvalet i Lillehammer, til Gudbrandsdølen Dagningen.

Smirnov fortel til lokalavisa at det er klubben som ikkje ønskjer å gi han ein ny kontrakt, men at han respekterer valet deira.

(©NPK)

Aleksandr Smirnov er ferdig i Lillehammer Ishockeyklubb. Foto: Annika Byrde / NTB