Smitteauken i India er litt lågare enn førre veke

Indiske styresmakter melder om over 83.000 nye koronatilfelle det siste døgnet, noko som er litt mindre enn smittetoppen for ei veke sidan.

Landet har no registrert over 5,6 millionar tilfelle, men sidan landet hadde 97.894 tilfelle på eit døgn onsdag førre veke, har trenden vore nedgåande.

Det er venta at India med sine over 1,3 milliardar innbyggjarar snart blir det landet i verda som er hardast ramma av pandemien målt i talet på smittetilfelle. I dag har USA denne posisjonen med 6,9 millionar registrerte smittetilfelle.

Onsdag vart det òg meldt om 1.085 nye dødsfall i India, noko som betyr at 90.020 menneske har døydd med covid-19 i landet.

Ifølgje helsedepartementet er over 80 prosent av dei smitta friskmelde.

(©NPK)

Ein mann blir testa for koronaviruset i Ahmedabad i India. Foto: Ajit Solanki / AP / NTB scanpix