Smitteeksplosjon i Baltikum

Koronasmittetrykket i dei tre baltiske landa er høgast i verda. Låg vaksineoppslutning og stort press på helsevesenet gjer at landa må stramme inn på nytt.

For å bremse spreiinga av koronaviruset har Latvia innført ei ny nedstenging med portforbod om natta fram til 15. november. Estland har innført påbod om munnbind, og sidan måndag har det vore krav om grønt koronasertifikat for å få tilgang til ei rekkje offentlege tenester og stader.

Tal frå Johns Hopkins-universitetet viser at i Latvia har det vore 1.663 smittetilfelle per 100.000 innbyggjarar dei siste 14 dagane. Estland (1.352) og Litauen (1.337) følgjer like bak. Til samanlikning har Noreg registrert 149 smittetilfelle per 100.000 innbyggjarar dei siste dagane. Latvia har høgast smittetrykk i verda, medan Estland og Litauen følgjer på 4. og 5.-plass.

Dei nye tiltaka skal òg hjelpe det hardt belasta helsevesenet. Latvia har allereie bede om internasjonal assistanse.

Ein av grunnane til den store spreiinga av koronasmitte er låg vaksinasjonsrate. Berre halvparten av befolkninga i Latvia og Estland er fullvaksinert mot koronaviruset, i Litauen er det rundt 60 prosent.

(©NPK)