Smittetilknyting ved 25 sjukeheimar i Oslo

Det er påvist smittetilknyting ved 25 institusjonar i Oslo kommune, opplyser Sykehjemsetaten.

Smittetilknyting betyr at det anten er smitta bebuarar på sjukeheimen eller at ein medarbeidar som jobbar der, har vorte smitta.

Oslo har 39 langtidsheimar, og ti virussmitta bebuarar er så langt døde ved langtidsheimar i hovudstaden. Snittalderen på bebuarane er 85 år, og dei fleste har fleire sjukdommar.

– Vi arbeider heile tida og systematisk med å avgrense smitte og ta vare på bebuarar, pårørande og medarbeidarar ved alle sjukeheimar, seier direktør i Sykehjemsetaten, Helge Jagmann, i Oslo.

(©NPK)