ANNONSE
Annonse

Snart kan ein reise på ferie til Japan igjen

Japans strenge grenserestriksjonar skal omsider avviklast neste månad, kunngjorde statsminister Fumio Kishida torsdag. Dermed kan turistar igjen besøkje landet.

11. oktober opnar grensene også for enkeltturistar, ikkje berre dei som reiser med offisielt godkjende grupper.

Ei grense på talet på turistar som får innpass blir òg oppheva. Japan tillot i praksis ikkje turistar i det heile under koronapandemien, og tillot heller ikkje utanlandske turistar under sommar-OL i Tokyo i 2021.

(©NPK)

Japans statsminister Fumio Kishida varslar at turistar igjen får innpass til Japan. Foto: Andres Kudacki / AP / NTB

ANNONSE
Annonse