Snorre Valen gir seg som SV-nestleiar

Tidlegare stortingsrepresentant Snorre Valen har bestemt seg for å takke nei til attval som nestleiar i SV. Samtidig tar SV-leiar Audun Lysbakken attval.

Valen har varsla valkomiteen i partiet om at han ikkje ønsker attval, ifølgje ei pressemelding frå SV måndag.

- Eg har tenkt meg grundig om og komme fram til at tida er moden for å ta eit steg ut av politikken no. Eg har hatt politiske verv samanhengande sidan eg var 18 år, og då kan det vere lurt og sunt med ein pause, seier Valen.

Samtidig ønsker resten av SV-leiinga attval. Det betyr at Lysbakken søkjer attval som partileiar, Kirsti Bergstø ønsker å halde fram som nestleiar, Audun Herning tar attval som partisekretær og Kari Elisabeth Kaski vil vere med vidare som AU-medlem.

Snorre Valen var i førre stortingsperiode ein sentral figur for SV som finanspolitisk talsperson på Stortinget. Han tok ikkje attval til Stortinget i fjor haust, men seier han vil halde fram med å engasjere seg i SV.

- Og eg utelukker så klart ikkje å stille til val og til tillitsverv igjen, tvert imot, seier Valen.

Lysbakken har forståing for valet til nestleiaren.

- Han har gjort ein formidabel innsats for partiet, og eg ønsker han alt godt vidare i Trondheim, seier han.

Leiaren for valkomiteen Sunniva Holmås Eidsvoll vil no jobbe med å finne ein erstattar for Valen.

- No vil valkomiteen be lokallag og fylkeslag i SV om innspel på kandidatar til både ny nestleiar og andre verv. Vi legg fram vår innstilling i midten av januar, seier ho.

Valen vil vere nestleiar fram til SVs landsmøte i 2019.

(©NPK)

Både SV-leiar Audun Lysbakken (t.v.) og nestleiar Kirsti Bergstø ønsker attval i sine posisjonar, mens Snorre Valen (i midten) har varsla valkomiteen i partiet om at han ikkje vil halde fram som nestleiar i partiet. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix