Annonse

Solbakkens lag med krutsterk Europa-statistikk

FC København har ikkje tapt ein opningskamp i eit europeisk gruppespel på ti år.

Torsdag vann Ståle Solbakkens menn 1-0 over sveitsiske Lugano på heimebane i europaligaen. Det var den niande strake Europa-sesongen for danskane der det vart poengfangst i første kamp.

I sju av dei ni sesongane har Solbakken leidd laget. Han kom til FCK i 2006 og hadde nokre tøffe Europa-år før han fekk ordentleg sving på sakene i den danske hovudstaden.

Sist gong FCK tapte ein opningskamp i Europa var borte mot rumenske Cluj (0-2) i 2009. Deretter har rekka vore slik (hovudtrenar i parentes):

* 2010: 1-0 over Rubin Kazan (meisterligaen, Solbakken)

* 2011: 1-0 over Vorskla (europaligaen, Roland Nilsson)

* 2012: 2-1 over Molde (europaligaen, Ariel Jacobs)

* 2013: 1-1 mot Juventus (meisterligaen, Solbakken)

* 2014: 2-0 over HJK (europaligaen, Solbakken)

* 2016: 1-1 mot Porto (meisterligaen, Solbakken)

* 2017: 0-0 mot Lokomotiv Moskva (europaligaen, Solbakken)

* 2018: 1-1 mot Zenit St. Petersburg (europaligaen, Solbakken)

* 2019: 1-0 over Lugano (europaligaen)

Nøkkel

Det skal nemnast at alle kampane forutan Porto-møtet i 2016 vart spelt på FCKs heimebane. Solbakken veit godt kor viktig det er å få ein god start, særleg heime i Parken.

- Det betyr at ein har stor sjanse for å leve lenge i gruppa, og det er samtidig viktig å ta ein del poeng på heimebane, seier han til nyheitsbyrået Ritzau etter 1-0-sigeren torsdag.

- Det her var nesten ein «må vinne-kamp». Det var i alle fall eit godt utgangspunkt, legg han til.

Tøffe duellar i vente

Seinare i gruppespelet skal FC København òg ut mot Malmö og Dynamo Kiev. Stjernevingen Viktor Fischer meiner det er to tøffare motstandarar enn Lugano.

- Vi veit godt at dei to andre laga er sterkare på papiret, men vi veit jo ikkje om nokon vil støyte på problem mot Lugano på heimebanen deira.

- Vi skal vere godt fornøgde med poenga. Vi veit at vi kjem til å leve lenge og har mykje å spele fór i europaligaen. Tre poeng gir litt sjølvtillit inn mot dei viktige kampane som kjem, seier Fischer.

(©NPK)

Ståle Solbakken kan smile etter tre poeng i europaligaopninga.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Viktor Fischer og FC København tok seg over Lugano-hinderet heime i Parken torsdag. Foto: Liselotte Sabroe / Ritzau Scanpix via AP / NTB scanpix