Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Opplysningane om at to syrarar blei returnert frå Russland til Syria i 2015, gjer at Noreg må vurdera om vi skal returnera syrarar til Russland, seier statsminister Erna Solberg (H).
npk@npk.no
Publisert: 26.01.2016 kl 18:58
FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) har informert norske Landinfo om den russiske returen av dei to syriske statsborgarane i januar 2015.
– Dette er ny informasjon til Noreg gjennom Landinfo, og han dannar grunnlaget for korleis UDI skal handtera instruksen for utsending. Denne instruksen tek høgde for at ikkje alle kan returnerast til Russland, seier Solberg til NTB. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.