Annonse

Solberg om gjenopning: – Vi ligg godt i rute

Statsminister Erna Solberg (H) meiner Noreg er godt plassert for eit nytt trinn i gjenopninga. Men deltavarianten aukar behovet for grensekontroll.

– Vi ligg godt i rute, seier Solberg til NTB.

Ho fortel at regjeringa no er i gang med å omarbeide dei faglege tilrådingane for neste trinn i gjenopningsplanen.

Men i sum ser situasjonen positiv ut.

– Vi ligg godt an på smittetala. Vi ligg godt an på innleggingar.

Solberg tek likevel atterhald om at det kan dryge meir med ei gjenopning av grensene, både på grunn av faren for spreiing av deltavarianten og på grunn av forseinkingar i vaksinasjonen.

– Vi held på å diskutere desse spørsmåla no, seier ho.

(©NPK)

Statsminister Erna Solberg (H) meiner Noreg ligg godt an med tanke på vidare gjenopning. Foto: Torstein Bøe / NTB