Annonse

Solberg: – Vi kan ikkje overta alle kostnadene

Regjeringa la fram ein krisepakke for bedrifter, men fekk ei liste med 55 andre tiltak i retur frå Stortinget. No løftar statsministeren peikefingeren.

Den siste krisepakken handla om støtte til bedrifter og næringar som er særleg hardt ramma av virusutbrotet. Men tysdag plussa dei sju største partia på Stortinget på 12–15 milliardar kroner med eigne tiltak.

– Det er svært viktig at dei tiltaka vi gjer no, skal vere kortsiktige og målretta og knytt til denne situasjonen. Vi kan ikkje overta alle dei faste kostnadene for norsk næringsliv eller alt anna som vi gjer no, seier statsminister Erna Solberg (H) til NTB.

Eitt grep Stortinget tok, var å leggje inn ei rekkje tiltak for å få i gang økonomien igjen når krisa er over.

– Når vi skal ha auka aktivitet, må det vere målretta, anten mot dei som er permitterte, eller mot aktivitet som bidreg til at vi får til omstillinga av norsk næringsliv framover, seier Solberg.

Ikkje budsjettforhandling

Sjølv om 167 av dei 169 stortingsrepresentantane står bak avtalen, har mange punkt eit partipolitisk preg. Finanspolitisk talsperson i Venstre Ola Elvestuen åtvarar mot å la «kvar krisepakke bli ein generell budsjettrunde».

– Det er heilt avgjerande at mange av desse tiltaka er mellombelse, nettopp fordi dei er så gunstige, seier han til NTB.

– I denne runden vart det meir som ei budsjettforhandling, der det òg var behov for å markere posisjonar.

Krisetiltaka er allereie rekna til å koste til saman over 200 milliardar kroner i år.

Finanspolitisk talsperson i SV Kari Elisabeth Kaski skjønner at regjeringa vil halde litt igjen på pengebruken, sjølv i ei tid der det er brei semje om å bruke meir pengar.

– Samtidig meiner nok vi i opposisjonen at dei har vore for varsame og held igjen for lenge, seier ho.

Kamp for forlenging

Mange av tiltaka har ei klar tidsavgrensing, men er samtidig lette å kjenne igjen frå partiprogramma og dei alternative budsjetta.

Det kan bere bod om at det blir ein hard dragkamp om å gjere grepa permanente eller forlengje dei:

  • Kostbare og gunstige ordningar for dagpengar og inntektssikring gjeld «inntil vidare».
  • Lågmomsen for kultur, idrett og hotell blir kutta frå 12 til 6 prosent fram til 31. oktober. Finansdepartementet reknar med at tiltaket kostar 1,8 milliardar kroner.
  • Gjeninnføring av fritak for CO2-avgift for delar av industrien. Både kostbart og omstridd av klimaomsyn.
  • Utsette særavgifter til drivstoff og bryggjeri til juni.
  • 500 millionar kroner til styrking av bustøtteordninga fram til 31. oktober.

Må kuttast i 2021?

Ei rekkje ordningar blir no styrkte kraftig på budsjettet for i år. Kommunane får fleire milliardar ekstra, og det blir sett av 1 milliard ekstra til vedlikehald av veg, bane og hamner. Samtidig går fleire hundre millionar til oljeforsking, breiband, miljøteknologi og det frivillige.

Viss desse postane skal ned på eit «førkrisenivå» alt neste år, vil det bety mange harde kutt på 2021-budsjettet.

– Det er svært bra at vi har klart å halde på semja og breidda. Det er ein styrke for demokratiet og systemet vårt. Men vi må over i ein meir normal situasjon, også i budsjetteringa, konstaterer Elvestuen.

Solberg meiner dei fleste tiltaka er fornuftige og fryktar ikkje at ekstramilliardane frå Stortinget skal gjere budsjettet for neste år meir krevjande.

– Vi er ei mindretalsregjering. Vi veit at Stortinget òg gjerne vil setje preg på tinga, seier ho.

– Det som er viktig, er at dei òg måler tiltaka sine mot at det er målretta, mellombelse og ikkje endrar på dei politiske instrumenta framover.

(©NPK)

Statsminister Erna Solberg (H) meiner det er viktig at dei tiltaka som no blir sette i verk, er kortsiktige og målretta mot den aktuelle krisa.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix