Annonse

Solcellefly flyr over Middelhavet

(NPK-NTB-DPA): Solcelleflyet Solar Impulse har letta frå Spania og er på veg over Middelhavet mot Kairo. Turen er den nest siste før reisa rundt jorda er ferdig.

Flyturen er venta å ta 50 timar og 30 minutt, og pilot André Borschberg flyr sin siste etappe på den solcelledrivne reisa jorda rundt.

Borschberg og pilotkollega Bertrand Piccard har veksla på å sitje bak spakane i det solcelledrivne flyet, og jordomflyginga er ein del av eit prosjekt for å auke merksemda rundt bruk av fornybar energi.

Flyet letta frå Sevilla måndag, og fullfører reisa rundt jorda når Bertrand Piccard overtar spakane i Kairo og flyr det til Abu Dhabi, hovudstaden i Dei foreinte arabiske emirata. Reisa byrja i mars 2015.

Flyet vert drive av 17.000 solceller og fire propellar og held vanlegvis ein fart på 48 kilometer i timen, men hastigheita vert dobla når det flyr under skyfri himmel.

Solar Impulse 2 blei historisk då det blei det første solcelledrivne flyet til å krysse Atlanterhavet den 23. juni. (©NPK)

Annonse